Stoltenberg og Storberget redder Noreg fra katastrofale terrorasksjonar

Statsminister Jens Stoltenberg, justisminister Knut Storberget og PST reddar Noreg frå ein katastrofal terroraksjon.

Det er VG, som melder at PST har pågrepet 3 personar som har konspirert for å lage kraftige aceton peroksid-bombar som dei skulle sprenge i kollektivtrafikken i Noreg. T-banetrafikken var målet.

Vi må vere takknemlege for den innsatsen PST med Storberget i spissen har gjort. Dette viser at etterretningsarbeidet i Noreg virkar. Styresmaktene i Noreg hadde eit godt samarbeid med utanlandske sikkerhetsmyndigheter, blant anna i USA med CIA og FBI.

Sjølv om Noreg går klår denne gongen må ikkje Storberget og PST gje opp kampen mot terroristane. Dette viser at vi faktisk er i ei global verda der dei truslane som er i verda kan ramme alle.

Vurderinga er at trusselen mot Noreg er låg, men at situasjonen gradvis har endra seg i negativ retning.
Ifølgje PST er situasjonen i Noreg i ferd med å likne land kor det tidlegare er utført terroraksjonar eller freista gjennomført terroraksjonar.

Storberget seier at vi må ha sterke rutinar kven som får godkjende asylsøknader. Og at det i denne prosessen må ein vere bevist på moglege ekstremistar. Vi bør kanskje òg få fleire kontrollørar på T-banen, det er inkje i vegen for at det går an å kontrollere både billettar og vere på utkik etter mistenkjelege gjenstandar. Noreg
må nok etterkvart òg auke tryggleiken med bla å ha fleir overvakingskamera slik dei har i Storbritannia. Det kunne ikkje skade å ha nokon fleire på feks. T-banen.

Dette er ein stor siger for PST, Storberget og Stoltenberg og regjeringa at dei klarte å hindre terroraksjonen. Stor honnør for sikkerhetsarbeidet i og med at det ber frukter.

VG-linkar: vg

Legg igjen et svar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>