Muammar Gaddafis ynskjer å kjøpe BP

Fungerer privat oljeverksemd?

Libya’s statlege oljeverksemd, Shokri Ghanem ynskjer å kjøpe aksjar i BP.

Når ein tenkjar over dette er kanskje ikkje dette så dumt. Vi har sett at uregulerte oljeverksemder ikkje kan fungere i praksis i det lange løpet. Kortsiktig profitt vil setje heile verda over styr. Vi har mange døme på at statleg styring ofte er den løysinga som fungerer best.

Ved å nasjonalisere oljeverksemder tek staten tilbake det som han og folket opphavleg eig. Folka i eit land vil då kunne få større glede av verdiskapinga som skjer med ressursane til landet. Dette har fungert for Venezuela med Hugo Chavez i spissen. Der Chavez har klart å reformere landet med bruk av oljepengar. Det same kreftane er jo grunnen til at vi kan leve så bra i Noreg. Til dømes har Statoil vore som ein stødig klippe som har fungert som ein solid grunnmur i det norske sosialdemokratiet. På same måte som Petróleos de Venezuela har vore ein viktig motor for det Venezuelanske folk.

Det lite sannsynleg at vi kunne ha hatt det så bra i Noreg viss utanlandske verksemder kunne plyndre norsk jord som dei ville. Ein skal ikkje se bort frå at om Gaddafi kunne klare å ta kontroll over BP kunne han ha brukt ressursane til å hjelpe folket sitt i Libya i staden for at pengane skulle utbetalast i bonusar til kaksane i BP som set verda i fare for sin eigen profitt.

Legg igjen et svar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>