Dårleg start på karrieren i møte med useriøse aktørar i det private næringslivet

http://www.dn.no/karriere/*article1929767.ece

Dagens Næringsliv har endå ein artikkel som prøver å vri det til at norske ungdomar som skal ut i ein sommarjobb denne sommaren er unnalurarar og late.

Det er NHO-sjef John G. Bernander som er ute med denne floskel i media.

Mange føretak ser på ungdom som arbeidskraft dei kan utnytte. Det er ofte mange som vil ha ein sommarjobb. Men ikkje alle klarar å stå på krava sine. Spesielt er det vanskeleg når ein er ung om ikkje har så mykje arbeidrøynsle. Då er det lett at arbeidsgjevarane finn opp sine eigne reglar og metodar for å utnytte folk.

Dette er veldig leitt for ungdomane. Her har dei stått på eit heilt skuleår, og så treng dei nokre pengar i sommerferien, og så får dei dette møtet med arbeidslivet.

Det har vore mange positive sommarjobbar i regi av både kommunar og etatar rundt om i landet. Vi må satse meir på å skape slike jobbar til ungdomane.

Legg igjen et svar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>