Stoltenberg og Storberget redder Noreg fra katastrofale terrorasksjonar

Statsminister Jens Stoltenberg, justisminister Knut Storberget og PST reddar Noreg frå ein katastrofal terroraksjon.

Det er VG, som melder at PST har pågrepet 3 personar som har konspirert for å lage kraftige aceton peroksid-bombar som dei skulle sprenge i kollektivtrafikken i Noreg. T-banetrafikken var målet.

Vi må vere takknemlege for den innsatsen PST med Storberget i spissen har gjort. Dette viser at etterretningsarbeidet i Noreg virkar. Styresmaktene i Noreg hadde eit godt samarbeid med utanlandske sikkerhetsmyndigheter, blant anna i USA med CIA og FBI.

Sjølv om Noreg går klår denne gongen må ikkje Storberget og PST gje opp kampen mot terroristane. Dette viser at vi faktisk er i ei global verda der dei truslane som er i verda kan ramme alle.

Vurderinga er at trusselen mot Noreg er låg, men at situasjonen gradvis har endra seg i negativ retning.
Ifølgje PST er situasjonen i Noreg i ferd med å likne land kor det tidlegare er utført terroraksjonar eller freista gjennomført terroraksjonar.

Storberget seier at vi må ha sterke rutinar kven som får godkjende asylsøknader. Og at det i denne prosessen må ein vere bevist på moglege ekstremistar. Vi bør kanskje òg få fleire kontrollørar på T-banen, det er inkje i vegen for at det går an å kontrollere både billettar og vere på utkik etter mistenkjelege gjenstandar. Noreg
må nok etterkvart òg auke tryggleiken med bla å ha fleir overvakingskamera slik dei har i Storbritannia. Det kunne ikkje skade å ha nokon fleire på feks. T-banen.

Dette er ein stor siger for PST, Storberget og Stoltenberg og regjeringa at dei klarte å hindre terroraksjonen. Stor honnør for sikkerhetsarbeidet i og med at det ber frukter.

VG-linkar: vg

Posted in terror | Leave a comment

Muammar Gaddafis ynskjer å kjøpe BP

Fungerer privat oljeverksemd?

Libya’s statlege oljeverksemd, Shokri Ghanem ynskjer å kjøpe aksjar i BP.

Når ein tenkjar over dette er kanskje ikkje dette så dumt. Vi har sett at uregulerte oljeverksemder ikkje kan fungere i praksis i det lange løpet. Kortsiktig profitt vil setje heile verda over styr. Vi har mange døme på at statleg styring ofte er den løysinga som fungerer best.

Ved å nasjonalisere oljeverksemder tek staten tilbake det som han og folket opphavleg eig. Folka i eit land vil då kunne få større glede av verdiskapinga som skjer med ressursane til landet. Dette har fungert for Venezuela med Hugo Chavez i spissen. Der Chavez har klart å reformere landet med bruk av oljepengar. Det same kreftane er jo grunnen til at vi kan leve så bra i Noreg. Til dømes har Statoil vore som ein stødig klippe som har fungert som ein solid grunnmur i det norske sosialdemokratiet. På same måte som Petróleos de Venezuela har vore ein viktig motor for det Venezuelanske folk.

Det lite sannsynleg at vi kunne ha hatt det så bra i Noreg viss utanlandske verksemder kunne plyndre norsk jord som dei ville. Ein skal ikkje se bort frå at om Gaddafi kunne klare å ta kontroll over BP kunne han ha brukt ressursane til å hjelpe folket sitt i Libya i staden for at pengane skulle utbetalast i bonusar til kaksane i BP som set verda i fare for sin eigen profitt.

Posted in investeringar | Leave a comment

Politkerene må på banen for å sikre at Rec forblir norsk

Rec og den kortsiktige Hagen

Det har kome signal om at Stein Erik Hagen og Orkla ynskjer å kvitte seg med aksjane i REC (Renewable Energy Corporation). Stein Erik Hagen ynskjer ikkje å vere investert i REC pga av at det går mot dårlegare tider i solenergi.

Likevel så er framtidsutsiktene for fornybar energi så ljose som dei har aldri vore. Vi ser jo den ekstra kostnaden det er knytt til gamle former for energi. Oljeutslippet i USA er eit lysande døme på der sammfunnsfarlig det er å vere knytt opp til fossile energikjelder.

Dette er eit godt døme på den kortsiktige profitjaget som er i det kapitalistiske systemet. Stein Erik Hagen ynskjer å kvitte seg med det flotte norske føretaket på eit augneblunk berre fordi det på kort sikt kan bli eit tap i formuen hans.

Det har kome mange fornuftige innspel om at den norske staten vil vere ein mykje meir eigna eigar som har høve til å vere langsiktig og solid eigar.

Mange har kome med oppfordringar til at Trond Giske må handle raskt for å sikre at REC forblir i Noreg, og at vi kan fortsetje å utvikle teknologi i Noreg som er i teknologiske frontlinjen.

Ber Giske handle raskt

Rec vil passe godt inn i det statlige eierskapet. Det er en spennende og framtidsretta bedrift av den typen vi trenger i Norge, sier Terje Lien Aasland, fylkesleiar i Telemark Ap og leder i Stortingets næringskomité. Jeg er helt sikker på at han vurderer situasjonen fra dag til dag. Men at Rec er blitt ein viktig bedrift på Herøya og for Norge, er det ingen tvil om, legger han til.

Det er i alles interesse at Rec forblir et norsk selskap for framtida. Å sikre vidare norsk eigarskap gjennom statlig oppkjøp er ein høyst aktuell problemstilling, seier stortingsrepresentanten Geir-Ketil Hansen (SV) til VG. Jeg forutsettar at næringsministeren følger nøye med og orienterer seg om hvilke planer Orkla har med eierskapet. Det kan også være aktuelt med et midlertidig statlig eigarskap for å sikre at verksemda blir i Noreg. Fornybar energi er jo i kjernen av det vi skal leve av når oljen tar slutt, seier Geir-Ketil Hansen.
Jeg forutsetter at næringsministeren følger nøye med og orienterer seg om hvilke planer Orkla har med eierskapet. Det kan også være aktuelt med et midlertidig statlig eierskap for å sikre at virksomheten blir i Norge. Fornybar energi er jo i kjernen av det vi skal leve av når oljen tar slutt, sier Geir-Ketil Hansen.

- Det kan vere ein fornuftig investering for staten for å sikre Rec på norske hender, seier Hans O. Felix, leiar i LO-forbundet El og IT.

Posted in investeringar | Leave a comment

Dårleg start på karrieren i møte med useriøse aktørar i det private næringslivet

http://www.dn.no/karriere/*article1929767.ece

Dagens Næringsliv har endå ein artikkel som prøver å vri det til at norske ungdomar som skal ut i ein sommarjobb denne sommaren er unnalurarar og late.

Det er NHO-sjef John G. Bernander som er ute med denne floskel i media.

Mange føretak ser på ungdom som arbeidskraft dei kan utnytte. Det er ofte mange som vil ha ein sommarjobb. Men ikkje alle klarar å stå på krava sine. Spesielt er det vanskeleg når ein er ung om ikkje har så mykje arbeidrøynsle. Då er det lett at arbeidsgjevarane finn opp sine eigne reglar og metodar for å utnytte folk.

Dette er veldig leitt for ungdomane. Her har dei stått på eit heilt skuleår, og så treng dei nokre pengar i sommerferien, og så får dei dette møtet med arbeidslivet.

Det har vore mange positive sommarjobbar i regi av både kommunar og etatar rundt om i landet. Vi må satse meir på å skape slike jobbar til ungdomane.

Posted in arbeid | Leave a comment

Internett har vorte mode og treng reformering

http://www.na24.no/propaganda/article2937281.ece

På na24 rapporterer dei at AltiBox tapte i høgsterett mot rettighetshaverne til dei norske filmane «Max Manus» og «Kautokeino-opprøret», Sandrew Metronome og Filmkameratene.

Internett har vore prega av vill vest tilstandar og det er kanskje dags at ting kjem i meir regulerte former. Når teknologien utviklar seg raskt er det ikkje alltid at lovane og reguleringane klarar å halde følgje.

Men no er tida inne i og med at Internett har vorte så pass mode. Internett er rett og slett vorte ein daglegdags verktøy som vi er avhengig av. Difor er det viktig at det blir sikra på ein slik måte at vi ikkje blir sårbar for veikskapane til internettet.

Posted in Internett | Leave a comment

I flokken har vi det godt

I flokken har vi det godt. Har vi ikkje det då?

Posted in tilfeldig | Leave a comment

Hello world!

Welcome to WordPress. This is your first post. Edit or delete it, then start blogging!

Posted in Uncategorized | 1 Comment